Mediespråk
i endring

Niåringen frå Ørsta sit med iPaden på fanget ein haustdag. Han syner fram kva program dei bruker i undervisninga på skolen. Få av dei er laga i Noreg, ingen av dei er på nynorsk. Er ikkje det like greit? Han lærer å manøvrere, lærer også å lese og skjønne raskt. I helgene likar han å sjå ein serie på Disney Channel. Den eldre søstera er helst på YouTube. Mora likar best seriar på Netflix, dyre og påkosta seriar ein ikkje har sjanse til å produsere som norsk allmennkringkastar. I augneblinken er drahjelpa EU. Det er EU som legg press på dei store globale mediegigantane som utholar inntektsmodellane for tradisjonelle medium i Noreg. EU er også i ferd med å sette ut i livet ei ny lov som krev at 30 prosent av innhaldet i strøymetenester skal vere produsert lokalt.31 Men skal niåringen, søstera og mora vere sikra norskspråkleg medieinnhald, trengst ein mediepolitikk som gjer norskspråklege medium i stand til å konkurrere mot internasjonale gigantar.

Bakgrunn

Medielandskapet i Noreg og verda er i rask endring, og dermed er dette eit av områda der det har hendt mest sidan stortingsmeldinga Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk kom for ti år sidan.32 På under ti år har Facebook fått 3,4 millionar brukarar over 18 år i Noreg. I løpet av kort tid har det vore ein dramatisk nedgang i kor mange som ser på lineær-tv, særleg blant dei unge. På same tid har videotenesta YouTube blitt den kanalen der unge nordmenn bruker mest tid på å sjå levande bilete.33 Éin av to husstandar i Noreg abonnerer på Netflix.34 Snapchat og Instagram blir brukte dagleg av eit stort fleirtal av norske unge.35 Kvart år kjem det nye mediekanalar som endrar måten vi konsumerer media på.

Skiljet mellom nasjonale og internasjonale medium er i ferd med å viskast ut. Nasjonale aktørar må kjempe mot internasjonale gigantar i kampen om publikum si merksemd. Spreiinga av smarttelefonen er ein drivar i denne utviklinga, og blant ungdom og vaksne i Noreg har tett opp mot 100 prosent tilgang til ein telefon med internett.

Dette er ei utvikling som Mål og meining ikkje tar høgde for. I staden førespeglar stortingsmeldinga at nordmenn også framover i all hovudsak vil bruke nasjonale, norskspråklege medietenester (s. 138–139). I dag ser vi derimot at norske og internasjonale medium i stor grad konkurrerer om same publikum.

Utan ein medviten mediepolitikk som i alle samanhengar tar omsyn til stillinga til norsk språk, er det fare for at norsk kan miste den posisjonen språket har hatt på mediefeltet.

Det er uråd å seie sikkert korleis det norske medielandskapet vil sjå ut tjue år fram i tid. Det er bakteppet for at regjeringa i 2015 sette ned Mediemangfaldsutvalet, som leverte utgreiinga si i 2017. Utvalet foreslår fleire statlege økonomiske insentiv for å sikre eit levande og stabilt mediemangfald i åra som kjem, fram til mediefeltet har konsolidert seg, og meir stabile inntektsmodellar har blitt etablerte.36

Men utgreiinga til mediemangfaldsutvalet tar i liten grad omsyn til stoda for norsk språk. Den offentlege samtalen står sentralt i den demokratiske infrastrukturen vår, og det er viktig at den femnar så breitt som mogleg. Sidan det norske språket definerer det offentlege ordskiftet, vil ei styrking av dei norskspråklege arenaene også vere ei styrking av den offentlege samtalen og demokratiet i Noreg. Dette må gjelde for både nynorsk og bokmål, samiske språk, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk.

«Det overordna språkpolitiske målet for kultur- og mediesektoren er at det norskspråklege tilbodet skal vere så stort og ha så høg kvalitet at det kan hevde seg i konkurranse med det framandspråklege tilbodet.»

Ein mediepolitikk for framtida

Det overordna språkpolitiske målet for kultur- og mediesektoren er at det norskspråklege tilbodet skal vere så stort og ha så høg kvalitet at det kan hevde seg i konkurranse med det framandspråklege tilbodet. Det er òg eit uttalt mål at nynorsk og bokmål skal bli brukte i alle medium og på alle område innanfor kultursektoren.

Mediefeltet i Noreg er framleis prega av store aktørar som kvar dag skaper norskspråkleg innhald som speglar norsk kvardag og røyndom. Nordmenn konsumerer i stor grad nyheiter, litteratur, film og TV på norsk. Det er derfor rett å seie at kulturpolitikken som rettar seg inn mot desse media, i stor grad har vore vellykka. På ein effektiv måte har ein utvikla verkemiddel som skaper grobotn for norskspråkleg innhald.

Dersom dei nye aktørane i endå større grad styrker posisjonen sin i marknaden, bør ein derfor vurdere å stille språklege krav til innhaldet.

Det er grunn til å tru at taleteknologi og bruk av personifiserte algoritmar i framtida i større grad vil prege korleis vi konsumerer medieinnhald. Automatisk omsetting mellom fleire språk blir stadig betre. Det viktige i denne samanhengen er å støtte opp under ei utvikling der det norske språkmangfaldet blir ivaretatt.

Unge møter mindre norsk

Dei store endringane i medievanar dei siste åra har vore aller størst blant barn og unge. Gutar bruker meir tid på speling enn det jenter gjer. Unge nordmenn føretrekker videotenesta YouTube når dei skal sjå levande bilete. Også her bruker gutar meir tid enn det jenter gjer. Ei anna viktig endring er framveksten av strøymetenester som Netflix og HBO. Norske barn bruker i dag meir tid på å sjå strøymt innhald og TV i opptak enn dei bruker på tradisjonell lineær-TV. Frå 2017 til 2018 har den daglege bruken av lineær-TV gått kraftig ned, samstundes som bruken av TV i opptak og strøyming veks.37

Barn møter mindre norsk på dei nye medieflatene enn i tradisjonelle mediekanalar. Norsk er dominerande når barn ser på TV-program (lineær, opptak og strøyming), men når dei ser korte videosnuttar på YouTube og liknande tenester, dominerer engelsk. Også i dataspel blir det brukt mykje engelsk. Om lag 40 prosent av norske barn ser korte videosnuttar dagleg, medan om lag 30 prosent bruker tid på speling dagleg.38 Reknar ein inn nedgangen i lineær TV-sjåing, som har vore dominert av norskspråkleg innhald, ligg det derfor nær å konkludere med at barn samla sett blir eksponerte for mindre innhald på norsk enn tidlegare.

Avisene og NRK har vore og er viktige domene for nynorsken. Statusen til nynorsk er likevel skjør og råka av endringar i mediebruken. I dei største riksavisene i Noreg i dag er det svært lite nynorsk på redaksjonell plass, og i somme aviser er det uttalt politikk å ikkje tillate nynorsk i spaltene.

For å gjere det enklare å bruke nynorsk i media er Nynorsk pressekontor og nyheitsbyrået NTB i ferd med å utvikle ein robot som skal sette automatisk om frå bokmål til nynorsk. Målet er å kunne omsette enkle nyheitsmeldingar mykje raskare enn i dag. NTB og Nynorsk pressekontor sit på eit stort korpus med over 40 000 artiklar som finst på både nynorsk og bokmål, og det er desse artiklane som til saman er «læringsmaterialet» roboten treng for å skjønne kva som er god nynorsk.

«Et andem. Ihillique dolenis porumet vent unde reic totatur as magnia a voluptatior acient, unt. Icaestiis imus antibusdam quuntior»

Det nordiske som motvekt

Eit av dei viktigaste kjenneteikna til dei internasjonale strøymetenestene er store innhaldskatalogar som er tilgjengelege for publikum når dei måtte ønske. TV-seriar har blitt det viktigaste produktet i desse nye medietenestene. Også for dei nasjonale aktørane som NRK og TV2 har TV-serien blitt eit viktig satsingsområde for å halde på publikum. Det er likevel vanskeleg for desse aktørane å konkurrere med dei internasjonale tenestene i volum.

For å møte konkurransen frå strøymetenestene har dei nordiske allmennkringkastarane gått saman og forplikta seg til å lage totalt tolv dramaseriar i året. Desse seriane skal vere tilgjengelege på nett-tv i eitt år frå premieredato i alle dei nordiske landa.39 Å gjere nordisk innhald tilgjengeleg over grensene er eit av satsingsområda til Nordisk ministerråd, som mellom anna har tatt til orde for å oppheve geoblokkering mellom dei nordiske kringkastarane.40 Målet må vere mest mogleg fri tilgang til alt innhald frå nordiske allmennkringkastarar for alle i Norden. Det vil derfor vere eit viktig språkpolitisk verkemiddel å løfte opp spørsmål om rettar i dei ulike landa. Erfaringa med TV-serien Skam synte at godt innhald treffer over grensene. Kjennskapen til norsk auka blant unge i nabolanda. For at det skulle skje, valde NRK å oppheve geoblokkeringa for serien.

Meir nordisk samarbeid og medvit om fellesnordisk kultur er naudsynt for å skape eit attraktivt alternativ til det engelskspråklege innhaldet, og det er også ønskeleg frå ein språkpolitisk ståstad. I dag dubbar NRK mesteparten av innhald frå andre skandinaviske land retta mot små barn. Unntaket er innhald retta mot større barn. I Jeløyplattforma (2018) slår regjeringa Solberg fast at ein vil arbeide for at film og fjernsyn ikkje blir dubba, men teksta, når programmet er statleg finansiert eller støtta.41

Den skandinaviske språkforståinga er tufta på at ein møter andre skandinaviske språk i ulike samanhengar. Det bør derfor stillast krav om at alle nye, nordiske produksjonar skal vere tilgjengelege på originalspråket, slik at brukarane sjølve kan velje kva språk dei ønsker å få innhaldet på.

«Barn møter mindre norsk på dei nye medieflatene enn i tradisjonelle mediekanalar.»

Utvalet tilrår

  • at det alltid må takast omsyn til dei språkpolitiske måla når ein utviklar politiske verkemiddel på mediefeltet
  • at det bør stillast krav til at alle skandinaviske program skal vere tilgjengelege på originalspråket for eit norsk publikum