Det
fleirspråklege
Noreg

Asria er på fireårskontroll hos helsesøster med sonen Yusef. Dei har snakka om ferdigheitene hans, og om han er på nivå med andre fireåringar. Så seier helsesøster: «Eg håper de snakkar norsk med guten heime.» Det må Asria svare nei til. Dei snakkar somali heime, av og til arabisk. Yusef har lært seg godt norsk i barnehagen, men helsesøster meiner det kan vere skadeleg for norskopplæringa om han høyrer for mykje somali heime. Asria er skamfull. Sjølv snakkar ho ganske godt engelsk, ho snakkar somali og har også franskkunnskapar. Men norsk synest ho er vanskeleg.

Haldninga Asria og Yusef møter hos helsesøster denne dagen, er den same som kvenar, samar, døve og høyrselshemma har blitt møtte med tidlegare. Er vi i ferd med å gjenta ein politikk som vi veit har skapt store vanskar for folk? Er det verkeleg skadeleg for Yusef å ikkje nytte norsk heime? Nei, ifølge forskinga.82 Tvert imot. Kvifor blir då slike haldningar reproduserte som politikk?

Bakgrunn

Stortingsmeldinga Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk understrekar at ein ny norsk språkpolitikk må ta omsyn til at det i Noreg blir brukt mange andre språk enn norsk.83 Meldinga varsla derfor ei utviding av Språkrådets arbeidsområde til også å omfatte dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk, i tillegg til det språklege mangfaldet i Noreg generelt, for å få eit meir heilskapleg perspektiv på språk og samfunn.

Det tradisjonelle språkmangfaldet i Noreg inkluderer samiske språk, norsk teiknspråk, kvensk, romani og romanes. Samiske språk har status som urfolksspråk, og Sametinget har eit særskilt ansvar for desse språka, medan Språkrådet har eit særskilt ansvar for norsk teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes. Mål og meining varsla ei lovfesting av statusen til norsk teiknspråk, men ei slik lovfesting er framleis ikkje på plass, ti år etter. Mål og meining slår òg fast at Språkrådet skal ha i oppgåve å gi nordmenn med minoritetsspråkleg bakgrunn informasjon om språka deira.

«Sjølv om eit fleirspråkleg samfunn ikkje er noko nytt i Noreg, har det språklege mangfaldet auka dei seinare åra.»

Situasjonen i dag

Sjølv om eit fleirspråkleg samfunn ikkje er noko nytt i Noreg, har det språklege mangfaldet auka dei seinare åra. Dette har skjedd i takt med at mobiliteten både over landegrensene og innetter i Noreg har auka. I dag blir ei rekke både gamle og nye minoritetsspråk brukte, norske dialekter er i bruk på alle samfunnsarenaer, og engelsk blir stadig meir nytta, særleg i akademia og i delar av næringslivet. Norsk, med sine to jamstilte målformer, bokmål og nynorsk, er nasjonalspråk, medan samisk er urfolksspråk og står i ei særstilling ved å vere eit likestilt språk ved sida av norsk innanfor forvaltningsområdet for samiske språk. I tillegg finn vi norsk teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes, som har lange tradisjonar i Noreg. Framleis er desse språka under sterkt press og er i liten grad dokumenterte. I tillegg finst det truleg 200–300 minoritetsspråk, såkalla nye innvandrarspråk, i bruk i Noreg, men dette finst det ingen sikker statistikk på.

Sidan samiske språk er Sametingets arbeidsområde, går vi ikkje nærare inn på status og tiltak for dei samiske språka i denne rapporten.

Den gamle fleirspråklegheita

Noreg har eit særleg ansvar for dei samiske språka og dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes.84 Språka til dei nasjonale minoritetane er ein viktig del av den språklege kulturarven i landet. I 1993 ratifiserte Noreg den europeiske pakta for regions- og minoritetsspråk for dei nasjonale minoritetsspråka i Noreg og for urfolksspråket samisk. Gjennom pakta forplikta Noreg seg til å fremme og verne dei nasjonale minoritetsspråka, utvikle læremiddel, styrke opplæring og fremme forsking på dei. Norsk teiknspråk er ikkje omfatta av eit konkret folkerettsleg vern gjennom konvensjonar som Noreg har slutta seg til, men er eit sjølvstendig språk med lange tradisjonar i Noreg.

Språkpolitikken overfor dei nasjonale minoritetane handlar ikkje berre om å verne og utvikle språka, men også om å gi språka tilbake til generasjonar som har mista tilgangen til dei gjennom statleg politikk. Det er svært viktig at språka blir brukte og er synlege i ulike samanhengar, både i media og i utdanningssystemet.

Kvensk

Det kvenske språket er eit av dei nasjonale minoritetsspråka i Noreg og høyrer til den finsk-ugriske språkfamilien. Etter ein lang periode med assimileringspolitikk er det kvenske språket i dag svært trua. I stortingsmeldinga Mål og meining (s. 224) er statusen for kvensk språk skildra slik: «Kvensk språk er i dag i ein svært utsett situasjon. Det er få aktive talarar att, og dei fleste av desse er middelaldrande og eldre menneske. Det er få språkbrukarar under 40 år.» I dag, meir enn ti år etter, er denne skildringa framleis korrekt, men på ti år har mange språkbrukarar gått bort, og truleg har få nye komme til.

Samstundes gir språkleg revitalisering både på individplan og på samfunnsplan håp om eit levande språk også i framtida. Kvensk har, saman med dei andre nasjonale minoritetsspråka, komme inn som ein integrert del av den heilskaplege språkpolitikken i Noreg, og standardiseringa av kvensk skriftspråk er i det store og heile på plass. Særleg viktig har Eira Söderholms kvenske grammatikk Kainun kielen gramatiikki (2014) / Kvensk grammatikk (2017) vore som grunnlag for eit skriftspråk.85 Det er blitt laga ei kvensk nettordbok av Kvensk institutt – Kainun institutti i samarbeid med Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, men det finst enno ikkje eit fullverdig ordbokverk for kvensk.86 Stadnamnlova sikrar at kvenske stadnamn blir tatt vare på som språklege kulturminne, og opplæringslova gir elevar med kvensk eller norsk-finsk bakgrunn rett til opplæring i finsk eller kvensk som andrespråk. I 2017 la Kommunal- og moderniseringsdepartementet fram Målrettet plan 2017–2021. Videre innsats for kvensk språk. Planen har tiltak innan barnehage og skole, forsking, kvensk språk og kultur og kvensk språk i det offentlege rommet.

I realiteten er det ofte slik at kompetansen til læraren avgjer om det blir undervist i finsk eller kvensk. Det er sentralt for framtida til det kvenske språket at det finst lærarar som kan undervise i og på kvensk. Frå 2019 vil det vere mogleg å ta lærarutdanning i kvensk ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Og allereie no kan ein studere kvensk som årsstudium eller på bachelor- og masternivå.

Omfanget av kvenskspråklege medium er svært avgrensa. Mål og meining (s. 227) peikte på behovet for at den kvenske avisa Ruijan Kaiku burde vere vekeavis, men avisa kjem framleis ut med berre ti utgåver i året. I radio og fjernsyn er språket så godt som fråverande. NRK har lagt om den kvenske satsinga si frå radio til internett med plattforma NRK Kveeni der éin journalist jobbar heiltid. Tilbodet kvensk språk hos NRK er likevel marginalt.

Opplæringslova § 2-7 inneheld i dag ein rett for «elevar med kvensk-finsk bakgrunn» ved grunnskolar i Troms og Finnmark til å få opplæring i «finsk» når minst tre elevar i den same kommunen krev det. Dette fører til at elevar i andre delar av landet og i vidaregåande skole ikkje får opplæring i kvensk. Det går fram av læreplanen i finsk som andrespråk at opplæringa kan vere i anten kvensk eller finsk (dvs. riksfinsk). Dei siste åra har det vore ein jamn nedgang i talet på elevar med finsk som andrespråk i grunnskolen. Ein rapport frå forskingsinstituttet NORUT, attgitt i Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin rapport om regions- og minoritetsspråk i Noreg frå 201787 , peiker på tre hovudgrunnar til denne nedgangen:

  1. Det er mangelfull informasjon om rettar og tilbod for elevar og mangelfull kompetanseheving blant lærarar.
  2. Timane til undervisning i finsk må ofte takast frå andre fag, og mange skolar slit med å finne gode løysingar på å gi eit tilbod i finsk som andrespråk.
  3. Kvensk er berre i liten grad eit levande språk i lokalsamfunna, og få elevar og føresette viser interesse for å velje finsk som andrespråk.

Kvensk versjon av tekstdelen om kvensk språk:

Kvensk versjon av tekstdelen om kvensk språk:

Kvääni

Kväänin kieli oon yksi kansalinen minuriteettikieli Norjassa ja se kuuluu suomalais-ugrilaisheen kieliperheesseen. Kväänin kielestä oon tullu pitkän assimileerinkipolitikkiperiuudin jälkhiin uhattu kieli. Isontingan mellingissä Mål og meining muistelhaan kväänin kielen statuksesta näin: «Kväänin kieli oon tääpänä kovin huonossa tilassa. Kielelä oon tyhä muutamppii aktiivissii puhhuujii ja niistäki monet oon keski-ikäiset eli sitä vanhemat. Se löyttyy tyhä harvat alle 40-vuotiset kielenpittääjät.» Tämä muistelus oon tosi nyt kymmenen vuojen jälkhiinki, ja vielä näitten kymmenen vuojen aikana oon moni kielenpittääjä menny pois, ja luultavasti harvempi oon tullu sijhaan.

Samhaan aikhaan anttaa kielen elästyttäminen niin persooniin ja samfynnin tasala toivoo ette kväänin kieli oon elläävä kans tulleevaisuuessa. Kväänin kielestä, niinko muistaki kansalisista minuriteettikielistä, oon tullu osa yhtä kielipolitikkii Norjassa, ja kväänin kirjakielen standardiseerinki oon enniimitten jo tehty. Eriliikaisesti tärkkee perusta kirjakielele oon ollu Eira Söderholmin kväänin grammatikki Kainun kielen grammatikki (2014) / Kvensk grammatikk (2017).88 Kainun institutti yhessä Tromssan universiteetin kans oon laittanu kväänin nettisanakirjan, mutta kväänin kielelä ei ole vielä täyelistä sanakirjaa.89 Paikannimilaki turvaa ette kväänin paikannimistä otethaan vaarin kielelisinä kulttuurimuistoina, ja opetuslaki anttaa kväänin ja norjansuomalaisille oppiijoile oikkeuen oppiit suomen eli kväänin toisena kielenä. Komunaali- ja uuistusdepartementti antoi ulos vuona 2017 plaanan Suuntaplaana 2017-2021 – jatkosatsaus kväänin kielheen. Plaanassa oon toimet lastentarhaan, koulun, tutkimuksen ja kväänin kielen ja kulttuurin ympäri, mutta kans toimet kväänin kielele viralisissa paikoissa.

Toelisuuessa se oon ushein opettaajan kompetanssi mikä määrää opetethaanko suomen eli kväänin kieltä kouluissa. Sen tähen oon tähelistä kväänin kielen tullevaisuuelle ette löyythään opettaajii kukka saatethaan opettaat kväänin kieltä ja kväänin kielelä. Vuoesta 2019 etheenkäsin oon maholinen ottaat kväänin kielen opettaajan koulutuksen Tromssan universiteetissa – Norjan arktisessa universiteetissa. Jo nyt oon maholinen studeerata vuosiopinot bachelori- eli maisteritasala.

Kvääninkielinen meedia oon kovin rajalinen. Mål og meining (s. 227) näytti tarpheen sille ette kväänin aviisi Ruijan Kaiku häyttyis olla viikkoaviisi, mutta aviisi tullee ulos aina tyhä kymmenen kerttaa vuojessa. Radiosta ja tv:stä oon kieli pysyny poissa. NRK oon laittanu heän kväänhiin satsaamisen radiosta internetthiin NRK Kveeni plattformhiin. Sen kans työtellee yksi kokoaikainen journalisti. NRKn kvääninkielinen tarjous oon kuiten marginaalinen.

Opetuslaki § 2-7 anttaa tääpänä oikkeuen «suomen» opetuksheen «kvääni-suomitaustaisille oppiijoile» Tromsan ja Finnmarkun peruskouluissa ko vähhiin kolme oppiijaa samasta komuunista vaatii sen. Tämä viepi siihen ette oppiijaa muuala maassa ja jatkokouluissa ei saaha kväänin opetusta. Suomi toisena kielenä oppiplaanassa seissoo ette opetus saatethaan anttaat kväänin eli suomen (riikinsuomen) kielissä. Viimi vuosina oon suomi toisena kielenä oppiijoitten luku peruskouluissa menny alaskäsin. Tutkimusinstitutti NORUTin raportti, johon Komunaali- ja uuistusdepartementin raportti vuoelta 201790 regiunaali- ja minuriteettikielistä Norjassa viittaa, näyttää kolme pääsyytä tälle alasmenole:

  1. Vailuuva tieto oikkeuesta ja tarjouksesta oppiijoile ja vailuuva kompetanssin anttaaminen opettaajiile.
  2. Suomen kielen opetustiimat hääythään ussein ottaat toisista faakiista, ja monet koulut häyythään raattaat ette het löyettäis maholisuuen anttaat hyvän suomi toisena kielenä tarjouksen.
  3. Kvääni oon niin vähän elläävä kieli lokaaliissa miljöissä, ette tyhä harvat oppijat ja vanhiimet näytethään intressii siihen ette valithaan suomen toisena kielenä.

Romani

Romani er språket til taterane/romanifolket. Ord og uttrykk på romani er oftast blanda inn i norsk språk, og dei er på den måten uttrykk for gruppeidentitet. Romani blir rekna som andrespråket til taterane/romanifolket i Noreg, medan norsk er førstespråket.91

Romani er i nokon grad dokumentert, til dømes finst det ei elektronisk ordbok der ein kan søke mellom romani og norsk og romani og engelsk.92 Bevaring og vidareutvikling av romani står heilt sentralt i arbeidet til fleire av tater-/romaniorganisasjonane. I løpet av dei seinare åra kan vi spore ein begynnande revitaliseringsprosess for romani.93

Taterane har vore utsette for ein hard assimileringsprosess, som har bidratt til å avgrense og svekke bruken av språket. I 2016 kom ei norsk offentleg utgreiing om norsk politikk overfor taterane/romanifolket. Utgreiinga tilrår at norske styresmakter bør vurdere tiltak på fleire område for å oppnå rettferd og forsoning, noko som òg heng saman med statusen til romani.

Ei viktig oppgåve for å auke medvitet om romani er å spreie kunnskap om språket og statusen til romani som tradisjonelt minoritetsspråk i Noreg.

Romanes

Romanes er språket til folkegruppa rom (sigøynarar). Samanlikna med dei andre nasjonale minoritetsspråka står romanes sterkt hos minoriteten sjølv: Vi ser at mange rombarn kan snakke berre romanes når dei startar på skolen. Det finst såleis eit solid språkleg fundament å bygge på i arbeidet med å verne og fremme romanes i Noreg. Som dei andre nasjonale minoritetsspråka i Noreg har romanes først og fremst vore brukt som munnleg språk, men i nyare tid ser vi ein aukande bruk av språket i sosiale medium, og det har også blitt publisert bøker og tekstar på romanes.

På same måte som for romani er det behov for å gjere statusen til romanes som tradisjonelt minoritetsspråk betre kjent i Noreg.

Norsk teiknspråk

Norsk teiknspråk er i dag førstespråk for ca. 5000 døve og har til saman ca. 16 000 brukarar.94 Det er eit fullverdig språk med eigen grammatikk og er på ingen måte ei etterlikning av norsk språk med teikn. Språket er ikkje omfatta av eit konkret folkerettsleg vern gjennom konvensjonar som Noreg har slutta seg til, men har lange tradisjonar i Noreg. Norsk teiknspråk er eit språk under press. Ei lovfesting som gjer den sjølvstendige statusen til norsk teiknspråk tydeleg, slik Mål og meining varsla, vil vere svært viktig for å sikre statusen til språket.

Opplæringslova slår fast at teiknspråklege høyrselshemma barn har rett til opplæring i og på teiknspråk. I dette lovverket er det ein konflikt mellom to viktige prinsipp: Det eine er at barn har rett til å vekse opp i familien sin og kunne gå på nærskolen, og det andre er retten til utvunge å kunne utvikle og bruke eit førstespråk. Dei siste åra har ein lagt meir vekt på det første prinsippet. Sidan Mål og meining kom, er alle dei statlege døveskolane lagde ned. I dag finst det til saman seks kommunale teiknspråklege skolar eller skoleavdelingar i Noreg, men det er store område i landet der det ikkje finst slike skolar.

Eigne klassar og undervisningsgrupper for høyrselshemma har blitt framheva som ein fordel for innlæring av førstespråket og for å sikre høyrselshemma ein trygg sosial fellesskap. Forskinga viser at skolar og barnehagar i Norden i liten grad lykkast med å inkludere høyrselshemma når dei blir sette i same undervisningsgruppe som høyrande. I slike grupper oppnår høyrselshemma barn dårlegare resultat enn jamaldra høyrande, dei er meir einsame, og dei slit med å føle seg inkluderte i fellesskapen av jamaldra. Det er heller ingenting som tyder på at høyrselshemma blir tatt med på råd når utdanningsopplegget deira blir utforma.95

Sjølv om rettane til teiknspråk er nedfelte i lova, er det vanskeleg å få dei oppfylte. For det første blir det i dag gjort ei fagleg vurdering av om ein elev skal få oppfylt retten til opplæring i eller på teiknspråk. Barn og føresette er då avhengige av medverknad frå helse- og skolestyresmaktene, og i praksis kan denne faglege vurderinga stå i vegen for tilgangen til norsk teiknspråk for dei som ønsker det. For det andre er det mangel på lærarar med god nok kompetanse i teiknspråk. Svært få lærarar har teiknspråk som førstespråk. Det er derfor behov for eit betre lærarutdanningstilbod i og på teiknspråk. For det tredje er arenaene der barn kan møte teiknspråk på dagleg basis, svært sårbare. Statped har hatt eit tilbod der teiknspråklege elevar kan få eit opplæringsopphald på inntil 12 veker i eit teiknspråkleg miljø saman med andre høyrselshemma, men ein ekstern rapport har foreslått å vurdere ei endring av dette tilbodet.96

Teiknspråklege høyrselshemma er både ein språkleg minoritet og menneske med nedsett funksjonsevne. Dei siste åra har mange døve barn fått noko høyrsel tilbake gjennom cochleaimplantat (CI). Det er likevel problematisk dersom dette automatisk svekker tilgangen til opplæring i og på norsk teiknspråk. Norsk teiknspråk er eit sjølvstendig språk og ikkje eit spesialpedagogisk, behovsprøvd hjelpemiddel.

«Sjølv om rettane til teiknspråk er nedfelte i lova, er det vanskeleg å få dei oppfylte.»

Den nye fleirspråklegheita

Ein stor del av den norske befolkninga møter og bruker fleire språk jamleg. Utvalet meiner at fleirspråklegheit i større grad må sjåast som og verdsettast som ein ressurs, både for den enkelte og for samfunnet som heilskap.

Engelsk er nærast å rekne som eit internasjonalt fellesspråk, eit lingua franca, og kunnskapar i engelsk er viktige for den norske befolkninga for mange formål. Engelsk er også i ferd med å utvikle seg til eit de facto andrespråk i Noreg, og ein stor del av befolkninga har svært god kunnskap i engelsk.97 På same tid melder arbeidslivet om at dei har udekte kompetansebehov for andre framandspråk enn engelsk.98 Likevel er engelsk det dominerande framandspråket i akademia, der andre framandspråk blir brukte i svært liten grad.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at over 17 prosent av folkesetnaden i Noreg har innvandrarbakgrunn. Innvandrarane i Noreg kjem frå 221 ulike land eller sjølvstendige område – og med seg har dei ei lang rekke ulike språk.99 Sett ut frå kvar innvandrarane kjem frå, er polsk, litauisk, somali, tigrinja og arabisk nokre av dei største nyare minoritetsspråka i Noreg i dag.

Det verserer mange mytar og feilaktige førestillingar om fleirspråklegheit.100 Sjølv om desse mytane ikkje har støtte i forskinga, kan dei likevel få stor innverknad på dei haldningane vi finn i samfunnet til dei fleirspråklege, og korleis dei blir handsama. Dette gjeld til dømes dei pedagogiske strategiane som blir valde i barnehage og skole, og språkvala i familien og hos den enkelte. Foreldre kan til dømes velje å la vere å formidle morsmålet vidare til barna sine. Dei kan vere redde for at det skal vere forvirrande og hindre ei god språkutvikling, eller at minoritetsspråket er ei ulempe for framtida til barna. Å ha gode norskkunnskapar er sjølvsagt heilt sentralt for å klare seg godt i det norske samfunnet. Men i staden for å be foreldre med innvandrarbakgrunn om å slutte å bruke morsmålet sitt, bør ein heller oppmode dei om å sørge for at barna også blir eksponerte for norsk i tidleg alder, i tillegg til å vidareutvikle morsmålet.

I dei samanhengane der fleirspråklegheit blir framstilt som noko uønskt, handlar det så godt som alltid om språka til menneske som har komme til Noreg som arbeidsinnvandrarar eller flyktningar. Mange menneske med slik bakgrunn opplever at språka deira blir ignorerte eller gjorde til eit problem av majoritetssamfunnet. Samtidig blir fleirspråklegheit sjeldan omtalt som uønskt eller problematisk når det er språk som engelsk, tysk eller fransk som er førstespråket. Det er openbert stor forskjell på å vere fleirspråkleg fordi du har komme til Noreg som diplomatbarn frå Tyskland, og å vere fleirspråkleg fordi foreldra dine har flykta frå Somalia til Noreg. Det teiknar seg eit språkleg hierarki, som i stor grad knyter den sosioøkonomiske statusen og den kulturelle bakgrunnen til folk opp mot språket deira. På denne rangstigen finn vi språka til somme ikkje-europeiske innvandrargrupper heilt nedst.

Det er i denne samanhengen naturleg og ønskeleg at Språkrådet i større grad enn i dag får ansvar for og bruker ressursar på formidling av kunnskap om fleirspråklegheit. På denne måten kan ein sameine arbeidet med den «gamle» (teiknspråk og nasjonale minoritetsspråk) og den «nye» (nyare innvandrarspråk) fleirspråklegheita. Slik kan ein hindre at mytar og feilinformasjon om fleirspråklegheit får sterkare rotfeste i samfunnet, og ein kan skape forståing om kva fleirspråklegheit er, og korleis ho verkar i samfunnet.

«Norsk teiknspråk er eit sjølvstendig språk og ikkje eit spesialpedagogisk, behovsprøvd hjelpemiddel.»

«Et andem. Ihillique dolenis porumet vent unde reic totatur as magnia a voluptatior acient, unt. Icaestiis imus antibusdam quuntior»

Utvalet tilrår

  • at det må fastsettast i den varsla språklova at staten har eit ansvar for å verne og fremme dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani, romanes og norsk teiknspråk
  • at dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk må dokumenterast betre enn i dag
  • at ein styrker opplæringstilbodet i kvensk
  • at ein sikrer at døve og høyrselshemma barn får tilgang til miljø der dei kan utvikle eit fullverdig teiknspråk
  • at Språkrådet i større grad enn i dag får ansvar for og nyttar ressursar på formidling av kunnskap om fleirspråklegheit