Føreord

Språkrådets framtidsutval leverer med dette frå seg rapporten Språk i Noreg – kultur og infrastruktur. Mandatet vårt har vore å identifisere dei (tre til fem) viktigaste innsatsområda for å sikre at norsk språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk står sterkt på alle samfunnsområde også i framtida. Samiske språk er Sametingets arbeidsområde og derfor utanfor mandatet for arbeidet til gruppa. Vi går derfor ikkje nærare inn på status og tiltak for dei samiske språka i denne rapporten. I tillegg skulle gruppa gi ei oversikt over eventuelt nye, sentrale arbeidsfelt for språkpolitikken som ikkje var tema for ti år sidan. Utgangspunktet vårt har vore stortingsmeldinga Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk frå 2007–2008, og mykje av arbeidet har handla om å samanlikne situasjonen i dag med det biletet som blei teikna i denne stortingsmeldinga.

Utvalet hadde sitt første møte i september 2017 og har sidan hatt seks møte der vi blant anna har invitert inn sentrale aktørar innanfor dei områda vi har identifisert som dei viktigaste. Desse områda er det fleirspråklege arbeidslivet, auka bruk av språkteknologi, norsk språk i ein ny mediekvardag, språk i skolen og i akademia og det fleirspråklege Noreg meir generelt.

Det er ingen tvil om at norsk språk er ein sentral infrastruktur i det norske samfunnet. Denne infrastrukturen står sterkt, men han må røktast for å halde seg sterk også i framtida.

I vedtektene til Språkrådet står det at «Språkrådet skal verna om den kulturarven som norsk skriftspråk og talespråk representerer, fremja tiltak som kan auka kunnskapen om norsk språk, fremja toleranse og gjensidig respekt i forholdet mellom alle som bruker norsk språk i den eine eller andre varianten, og verna om dei rettane som kvar enkelt borgar har når det gjeld bruken av språket». Språkrådet har også i oppgåve å «ta omsyn til den totale språksituasjonen i landet», men det er vagt forklart kva dette eigentleg tyder i praksis. Utvalet meiner at Språkrådet må tilleggast eit tydelegare ansvar for å fremme toleranse og gjensidig respekt for heile det språklege mangfaldet i Noreg og ikkje berre for norsk språk. Språkrådet må også kunne formidle kunnskap om fleirspråklegheit meir generelt.

Utvalet vil trekke fram følgande tilrådingar som dei viktigaste i rapporten:

  • Opplæring i norsk er sentralt i eit fleirspråkleg arbeidsliv, og særleg EØS-innvandrarar må sikrast tilbod om å lære norsk.
  • Ei fornya satsing på innsamling av og arbeid med språkdata som speglar norsk talemål og skriftspråk, er naudsynt for at gode språkteknologiske produkt blir tilgjengelege på norsk.
  • Dei språkpolitiske måla må spele ei sentral rolle i politiske verkemiddel på mediefeltet for å sikre at norsk språk blir brukt og utvikla.
  • Norsk må vere ein del av den obligatoriske delen av grunnskolelærarutdanninga for å sikre dei språklege rettane til alle barn på både bokmål og nynorsk.
  • Overordna, effektive insentiv og ressursar må utviklast for å støtte opp under bruken av norsk i universitets- og høgskolesektoren.
  • Det må fastsettast i den varsla språklova at staten har eit ansvar for å verne og fremme dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romanes, romani og norsk teiknspråk.
  • Språkrådet må i større grad enn i dag få ansvar for og nytte ressursar på formidling av kunnskap om fleirspråklegheit.

Kanskje viktigast er påminninga vår om at språk grip inn i mange sektorar: Det er noko mange departement har og bør ha ein aksje i, men sjølv ti år etter Mål og meining har ikkje språkpolitikk blitt det sektorovergripande politikkområdet det bør vere.

Innhaldet i rapporten står utvalet for. Språkrådet har vore sekretariat for utvalet. Vi er takksame for den store og grundige jobben dei har gjort. Og så håper vi at rapporten vil bidra til mange diskusjonar om viktige spørsmål i det norske språklandskapet i åra frametter.

Oslo, oktober 2018

«Språk grip inn i mange sektorar: Det er noko mange departement har og bør ha ein aksje i.»

Unn Røyneland
leiar


Terje Lohndal
nestleiar
Hilde Sandvik
Wegard Harsvik

Hilde Sollid
Shahzad Rana
Hildegunn Amanda Soldal